Merged
Show-it i Bryne Frikyrkje PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Steinar Barmen   
mandag 15. mars 2010 17:31








”Show it!” innkluderer og engasjerer. Det er gudsteneste på ein måte som vi ikkje har sett før. I utgangspunktet er dette lagt opp for dei unge, men her får alle noko å tenke på.

Show it er eit nytt konsept for familiegudsteneste som er utvikla av to unge damer frå Sandnes. Leiarane i Bryne Soul Children (BSC) vart kjent med dette på Visjon  og på Barneleiarkonferansen som var i Frøyland/Orstad i vår. Dei fann ut at dette ville dei prøve her hos oss i Bryne Frikyrkje.

Det er i alt utarbeidd opplegg for seks gudstenester. Vi har hatt tre no i haust og så kjem det tre nye til våren. Gudstenestene er alle bygd opp rundt tema frå Gal. 5, 22 der det står om Andens frukt. No i haust har tema vore ”tolmodighet, venlighet og selvkontroll.” Til våren er det ”kjærlighet, glede og trofasthet”.

– Det meste av gudstenester og forkynning er bygd på jentene sine premissar. Alt skal liksom vere så snilt og roleg. Men ”Show it!” er heilt annleis. Her er det masse som skjer, full fart, og liv og røre. Dette er noko som også engasjerer gutane. Og så er her masse humor. Det er lov å le og ha det gøy, også i kyrkja, seier ein av leiarane i BSC, Grethe Ueland.

Betre saman

– Det som er bra med dette opplegget, er at bibelteksten vert veldig levande. Alt vert liksom så veldig nært. Ein av hovudmålsetjingane for alt dette er ”Betre saman”. Og skal vi få det betre saman, på alle livets område, så er det naturleg å starte med familien, fortel Norunn Lende, som også er ein av leiarane i BSC.

Det er tydeleg at ungdomane i BSC går inn for dette med liv og lyst. Dei unge er veldig ivrige og synest dette er kjempekjekt. Men for å få til dette, så har BSC måtte gå ut og hente inn andre, både unge og vaksne. Der er også med folk som ikkje bekjenner seg som kristne. Dei og går 100% inn for dette og synest det er veldig spennande.

– Responsen har vore veldig positiv. Her skjer det noko heile tida, og det har vist seg at spesielt gutar som kan vere vanskelege å få med på gudstenestene let seg eingasjere av dette.  Men også vaksne får noko ut av desse samlingane. Bodskapen treff alle på ein eller annan måte. Det har vi også fått tilbakemelding på, seier Norunn Lende.








Trond Cruz

Podiet i kyrkja, eller scena om du vil, er bygd om til eit guterom der hovedpersonen Trond Cruz bur. Han er på ”rommet sitt” heile tida. Trond er ein skikkeleg tøffing som er kledd i gul dress og går med solbriller. Han er veldig sjølvoppteken og vil ikkje dele noko av livet sitt med andre.

– Det har vore ei stor utfording for meg å vere Trond Cruz. Sjølv om eg likar å vere skodespelar, så har det ikkje vore så lett å setje seg inn i denne rolla. Eg har to gutar heime, og det trur eg har hjelpt meg til å spele betre med hensyn til både det verbale og det nonverbale språket. Det har vore mykje øving og mykje arbeid for å få tak i alt som skal til av kostymer. Men eg lærer mykje og får masse sjølv, så då går det veldig bra, seier Grethe Ueland, alias Trond Cruz.

Grethe har forresten fått engasjert heile familien i dette opplegget. Begge gutane er med, og mannen som har laga kulissane.

– ”Show it” har ein klar rolle for Trond, men vi har gjort han jærsk og tilpassa han våre forhold.  Sjølv om han er tøff, så lærer han heile tida og er stadig i endring. Han tek no til å forstå at det kanskje ikkje er så dumt å sleppe andre litt inn på seg. Og når det er håp for Trond Cruz, då er det håp for alle, seier ei tydelg engasjert Grethe Ueland til slutt.

Sist oppdatert mandag 15. mars 2010 18:30
 
Bestill materiell